Startpage





download musicfile

Gjester i Sul
Doggfall i ein dal : dikt 1966.





GJESTER I SUL

Det susar av soga i namnet Sul,
av oll ifrå vegen, av ulveul.

Her kom dei til dals ifrå urolds tid
på fredeleg handel, men òg til strid.

Her rasta kong Olav hos Torgeir Flekk
før siste ferda til dals han gjekk.

Her singla det bjeller og humra hest,
og innafor rutene var det fest.

Her ropte det karar på marknadsferd;
så prøvde dei makta i rygg og herd.

Det hende at kniven or sliren spratt,
og motmannen blodig for stikket datt.

Men gleda og freden er vissast skatt.
Og Sul-garden roper: "Velkomen att!"



skrevet av Bjarne Slapgard


Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer.


tonesatt av Abnescio


Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard.